Her får Sofie Nesheim både blomar og brevet frå Kongen av Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune.

100-årsjubilant i Nedre Vats

Ordføraren overrekte blomar og brev frå Kong Harald til jubilanten fredag 26.desember.

Publisert Sist oppdatert

Sofie Nesheim, født Guggedal, hadde sine første leveår i Gjerdesdalen i Nedre Vats. Ho var ikkje mange år då mora døydde.

Dei var fleire sysken, så det blei til at Sofie vaks opp hos slektningar i Suldal. Ho kom tilbake til familien i Nedre Vats som ung vaksen. 

Her er brevet frå Kong Harald til Sofie Nesheim.

Ho traff etter kvart den jamgamle sambygdingen Sigfred «Siggen» Nesheim, og dei gifta seg tidleg på 50-talet. Sofie og Sigfred blei barnlause, og budde på Nesheim.

Han døydde sommaren 2019, 94 år gamal, og han var den førstefødte av den kjende ungeflokken beståande av 18 ungar på Nesheim. 

Sofie har svekka helse, men bur på sjukeheimen i Nedre Vats. 

100-årsdagen blei feira saman med dei nærmaste 2.juledag. 

Powered by Labrador CMS