Vallokale / Grethe Hopland Ravn
Vallokale / Grethe Hopland Ravn

Kommentar

Valdagen – høgtid, ansvar og fellesskap

Det er få dagar i året som kan måla seg med valdagen. Den ligg der som eit ankerfeste i folkestyret, ein dag som samlar oss, skjerpar oss og minner oss om det største privilegiet me har: retten til å påverka framtida gjennom stemma vår. I ei tid der demokrati er under press globalt, der autoritære krefter vinn terreng og Europa skjelv, er denne dagen viktigare enn nokon gong.

Alle som har opplevd ein valdag veit at det ligg ei spesiell stemning i lufta. Spenninga, ventinga, det at ingen veit utfallet før seinare på kvelden. Me kler oss gjerne litt finare, me helsar på hyggelege valmedarbeidarar, me ser flagga som blafrar utanfor vallokala. Når me legg setelen ned i urna, kjenner me ei blanding av alvor og høgtid. Her står ungdom som stemmer for første gong side om side med pensjonistar som har gjort det same i ein mannsalder. Alle stemmer tel like mykje. Alle har same rett, same ansvar. Den likskapen, som for mange er sjølvsagt i dag, er ikkje sjølvsagt i ein verdshistorisk samanheng – og er det heller ikkje i vår samtid.

Rekordmange har førehandsstemt – heile 1,9 millionar. Det er eit godt teikn, eit vitnemål om eit folk som bryr seg. Samtidig er det noko eige med sjølve valdagen. Dei som stemmer i dag, får kjenna på atmosfæren i vallokalet, fellesskapet i å stå skulder ved skulder med naboar og medborgarar, vissheita om at avgjerda no ligg like framfor oss. Førehandsstemminga er praktisk og viktig – ho gjer det mogleg for fleire å delta, uansett livssituasjon. Men vallokalet gir ei kjensle av deltaking i noko større, eit felles ritual som er med på å halda liv i demokratiet.

Det norske demokratiet er sterkt, men aldri sjølvsagt. Me ser ein global tendens der demokratiindeksen går ned, år for år. Fleire land tar steg i autoritær retning, fleire leiarar avgrensar ytringsfridom, pressefridom og rettstryggleik. Krig, polarisering og demokratisk tilbakegang pregar kontinentet. Derfor må me aldri ta stemmeretten for gitt. Demokratiet lever berre når folk brukar det. Det er ikkje berre debattar på fjernsyn, tal frå Stortinget eller spissformulerte politikarar som byggjer det – det er deltakinga frå kvar og ein av oss som held det oppe.

Me kan ikkje snakka om valdagen utan å gi honnør til dei mange hundre – ja, tusenvis – av valmedarbeidarar som har stått på den siste tida. Dei har opna vallokale, førebudd stemmesetlar, hjelpt folk som treng rettleiing, og sit lange timar for at systemet skal fungera. På sjølve valdagen er innsatsen enorm. Utan desse menneska ville ikkje demokratiet fungert. Takka vera dei får me famna alle – dei unge som kjem med stemma si for første gong, dei eldre som som har stemt i mange tiår, dei som kjem med rullestol eller krykker, dei som treng ekstra hjelp. Alt dette krev tolmod, nøyaktigheit og engasjement.

Eit minne står sterkt: professor Frank Aarebrot, respektert og folkekjær formidlar av val og politikk, fekk førehandsstemt frå sjukesenga på Haukeland sjukehus i 2017, men han fekk aldri oppleva resultatet på valdagen. Han døydde berre to dagar før valet, men han fekk påverka, han fekk delta. Historia hans er ei påminning om at stemmeretten betyr noko heilt til siste stund – og at ingen av oss bør la vera å nytta stemmeretten mens me kan.

At me har sett ny rekord i førehandsstemmer, er klart. Men klarar me å nærma oss det historiske høgdepunktet frå 1965, då valdeltakinga nådde 85,4 prosent? Det talet har stått som eit symbol på folkestyret vårt på sitt sterkaste. Me veit ikkje enno. Men det me veit, er at høg deltaking styrker demokratiet, legitimiteten og fellesskapet vårt.

Stemmeretten er ikkje berre ein rett – han er òg ei plikt. Ei borgarplikt. Det handlar om å stilla opp, om å ta del i fellesskapet, om å vera med på å peika ut kursen for samfunnet. Derfor er valet ikkje berre politikk. Det er høgtid, ansvar og fellesskap.

Så når du står i vallokalet i dag, kjenn litt ekstra på det. Kjenn på fellesskapet, på alvorstonen, på spenninga som ligg i lufta. Bruk stemmeretten din. For demokratiet er vårt – og det er me som bestemmer.

Godt val!

Grethe Hopland Ravn

Powered by Labrador CMS