Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Helge André Njåstad, FrP, Hordaland
Helge André Njåstad, FrP, Hordaland

Debatt

Tusen takk for støtten – Vi startar arbeidet med ein gong

I valet mandag stemte heile 77.372 hordalendingar på oss. Tusen takk for det. Me hadde størst framgang på heile 11,2 prosent og blei nesten Hordaland sitt største parti. Nesten blei det også skifte til nytt fleirtal. Men perioden 2025 – 2029 kjem til å bli interessant og viktig. Støre treng heile 4 parti for å få fleirtal. Sist periode trengte han berre 2. Det betyr at dette kjem til å bli krevjande for dei rødgrøne.

Då speler opposisjonen ei viktig rolle og som det leiande opposisjonspartiet er me klar for å sette i gang arbeidet. Denne perioden får eg tre kollegaer frå FrP på benken i Silje Hjemdal, Martin Virkesdal Jonsterhaug og Stig Abrahamsen. Det betyr at me er fleire til å lytte på hordalendingane sine behov og ta desse med oss til Stortinget.

Å vera mellomledd mellom folk, næringsliv, kommunar og organisasjonar er vår viktigaste oppgåve som ombodsmenn- og kvinner for Hordaland. Ta derfor kontakt om det er viktige saker me bør løfte den komande fire år.

Powered by Labrador CMS