Sigbjørn Langhelle
Debatt
Tida for heidersord er forbi: AFs ansvarlegheit» er bevist falsk
Lesarinnlegget frå John Roger Midtun i AF Offshore Decom AS teiknar eit glansbilde av ei bedrift som lyttar og ryddar opp. Han påstår at forureiningsnivåa er ubetydelege» og at utvidinga vil skje i ein ansvarleg prosess». Dette står i grell kontrast til ei historie med alvorlege miljøhendingar og gjentekne lovbrot som har påført lokalsamfunnet skade.
AF hevdar dei er ein ansvarleg aktør, men dei har tidlegare blitt bøtelagde for gjentekne miljøbrot. Med bøter på til saman nær tre millionar kroner – tre bøter på rundt éin million kroner kvar – kan ein ikkje kalle dette for småfeil» eller misforståingar». Slike store bøter blir ikkje gjevne utan at det ligg alvorlege og systematiske brot til grunn. Desse bøtene er eit handfast bevis på at selskapet sin praksis ikkje har vore i tråd med lovverket eller dei miljøforventningane me har. Jakob Hatteland har i eit lesarinlegg frå 31 januar 2018 tatt eit oppgjer med det me opplever frå AF Gruppa og myndigheitene: www.raunesfiskefarm.no/Files//2018.01.31-TU%20artikkel%20NIVA.pdf
I tillegg til dei alvorlege bøtene har det blitt avdekka at AF også har sleppt ut store mengder PFAS – eit stoff som er kjent for å vere svært giftig og som blir svært sakte brote ned i naturen. Det har derfor fått kallenamnet evigheitskjemikalie». At ei bedrift slepp ut slike stoff, som er ein trussel mot både miljøet og folkehelsa, viser ei mangel på respekt for nærområdet sitt og dei som bur der.