Sveinung Rotevatn nøyt fiske i Etne sjølv om det ikkje blei fangst. Foto: Jan Terje RafdalSveinung Rotevatn fekk prøva fiskelukka under eit valkap besøk i Etne i sommar. Nå vil statsråden ha tiltak for å sikra villaksen. Arkivfoto
Sveinung Rotevatn frå då han var å fiska i Etneelva i 2021. Arkivfoto

Debatt

Tenk nytt om klima

Denne sommaren har varmerekordane stått i kø Noreg rundt, også her på Vestlandet. Trass i dette verkar dei store partia lite interesserte i å adressere underliggjande årsaker og diskutere løysingar mot klimaendringane vi alt står overfor.
Norsk klimapolitikk har i mange år vore prega av politikarar som snakkar om ambisiøse mål for utsleppskutt, men som samtidig sviktar fullstendig når det kjem til å følgje opp måla med konkrete tiltak. Det gjer vegen til eit meir miljøvennleg samfunn unødvendig lang, og svekkjer det norske næringslivet sin konkurransekraft i den internasjonale marknaden.
Venstre vil gjennomføre utsleppskutt raskare i Noreg. Samtidig er vi medvitne om at vi må gjere det med næringslivet på laget og på ein måte som fungerer i kvardagen til folk. Difor går vi til val på å kombinere ambisiøse mål med faktisk handling som gjer at vi når dei.
Diverre er det ingenting som tyder på at regjeringa eller dagens fleirtal på Stortinget vil bruke høvet til å kutte norske klimautslepp nok til at vi når måla vi har sett oss.
Det må bli enklare og billegare å reise miljøvennleg. Venstre vil kompensere fylke og byar for prisauken i kollektivtrafikken, redusere billettprisane på tog og prioritere vedlikehald, slik at fleire kan stole på at toget går når det skal. Samtidig vil vi styrkje tilbodet med fleire avgangar og kortare reisetid.
Det må òg bli billegare å ete sunt og miljøvennleg – det er bra for både klimaet og folkehelsa. Difor vil vi fjerne momsen på frukt og grønsaker og innføre ei matkastelov, gjere det lettare å donere overskotsmat og leggje betre til rette for at matavfall kan brukast til fôr- og bioproduksjon.
Skal fleire ta grøne val i eigen bustad, må det vere økonomisk mogleg. Vi vil auke støtta til energisparing – som varmepumper, etterisolering og utskifting av vindauge – og gjere Enova sine støtteordningar meir føreseielege og betre tilpassa folk.
Delar vi meir på ressursane vi alt har, er det bra for både miljøet og lommeboka. Mange hytter og bilar står ubrukt store delar av året. Venstre vil gjere det enklare og meir lønsamt å dele, mellom anna ved å auke den skattefrie inntektsgrensa for utleige av bustad og hytte.
Det må òg løne seg å kjøpe brukt eller reparere det ein har. I dag kostar det nesten like mykje å reparere som å kjøpe nytt – det vil vi gjere noko med. Venstre vil gjere reparasjonar og brukthandel billegare, og samtidig avgrense import av miljøskadelege produkt via netthandel.
Naturen blir bygd ned bit for bit. Artar mistar leveområde, myrer blir drenert og nærnaturen i byar og tettstader forsvinn. Venstre vil stanse nedbygging av myr, sikre frivillig skogvern, gå mot unødig flatehogst og satse på fleire grøne lunger som gjev livskvalitet i kvardagen i byar og tettstader.
Fjordane våre treng ein ny start. Venstre vil rydde opp i forureina sjøbotn og styrkje tiltak mot marin forsøpling over heile landet. Vi vil òg verne meir av havet mot forureining og nedbygging. Reinare fjordar betyr både rikare økosystem og betre moglegheiter for friluftsliv og sjømat.
I motsetnad til regjeringa, vil Venstre at vi skal kutte meir utslepp her heime. Eit tydeleg klimamål gjev retning og føreseielegheit – både for næringslivet og for deg og meg. Når grøne løysingar blir billegare og meir tilgjengelege, blir det lettare for alle å ta klimavennlege val.
Venstre har difor lagt fram ein klimaplan som kuttar utslepp og omstiller Noreg. Med eit nytt fleirtal etter haustens val blir denne planen vårt utgangspunkt for å tenkje nytt i klimapolitikken.
Klimaendringane må stansast. Vi treng ei ny regjering som tek leiing, tenkjer nytt og som viser handlekraft. Ei regjering treng eit parti som prioriterer klima. Det gjev betre resultat og ein mykje meir offensiv klimapolitikk enn det vi har sett dei siste fire åra. Difor må Venstre i regjering.
Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Venstre i Hordaland valkrins

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Powered by Labrador CMS