Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Rune Bråthen (bildet) meiner vindkraft-debatten i Vindafjord er meir sakleg enn det Anders Haugland har lagt til grunn i eit tidlegare lesarbrev.FOTO: PRIVAT
Leiar Rune Bråthen i Motvind Vindafjord lar seg ikkje freiste til å bli meir positiv til vindkraft av skisserte inntekter til kommunekassa.

Debatt

Svar til Anders Haugland

Nå er det ikkje innlegg frå meg du men sidan du ønskjer debatten lokal, så skal du få det med hjelp av meg. Eg hoppar øve å svare for møkje på første avsnitt. Men, profitt er vel det einaste som driv utbyggjarar og grunneigarar. Ingen vil ha turbinar på fjellet for at det er flott å sjå på. Rask profitt er det nok. Men fjella kjem ikkje tilbake før etter neste istid. Så ja, det er eit hån, eit hån mot naturen me er så glad i.

svarer på Anders Haugland,

Eg oppfattar det gjengs at dei så har ytra seg positivt i debatten til nå er folk som sjølv profitterer på dette, eller nokon i nær slekt/relasjon til dei som vil profittera på dette. Når det gjeld her i Vindafjord så har eg eigentleg ikkje opplevd noko anna en sakleg og fin debatt utan knyttnevar. Motvind Vindafjord har arrangert to folkemøte nå med 300 og 200 personar. På desse møta har utbyggjar fått presentere seg og Motvind har som og for så vidt er heilt naturleg forklart nedsidene ei vindkraftutbygging kan ha for oss og miljøet.

Når det presenterast korleis turbinane mest sannsynleg blir plassert ,så brukast konservative tal på kor mange turbinar som mest sannsynleg vil kome og høgdar på turbinane i berekningane. Dette er basert på erfaringar som Motvind Norge sine dyktige og vel og merka frivillige folk har kome fram til. Responsen me får etter ei slik framstilling av korleis anlegga kan bli, så er det gjengs frå dei aller fleste at dette er svært uønskt i våre fjell. Dette påverkar ikkje berre dei i direkte nærleik, men i lange avstandar frå vindkraftverka.

Powered by Labrador CMS