Andreas Grumheden (Ap)
Foto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Sparebankstiftinga og Skakke
Eg må innrømma at etter vedtaket kommunestyret fatta i Skakkesaka i vår så hadde eg skreve mitt siste innlegg om Skakkesaka. Dessverre er det med stor overrasking eg har lese dei forskjellige utalane frå Sparebankstiftinga Etne. Eg er ikkje nødvendigvis overraska over at dei bade reagerer på vedtaket og uttalar seg, men det er innhaldet i uttalane og måten dei agerer på som slår meg som overraskande.
Eg skal ikkje her ta diskusjonen på ny om kva løysing som er best for Skakke. Eg tenker kommunen har uttalt seg godt om dette i svaret til stiftinga sine skyldingar. Men eg vil dra fram ein ting som eg stussa over i uttalen frå Asbjørn Moe i Haugesunds Avis. Han trekker fram att argumentet om frykt for skattekrav om dei gir ei gåve når kommunen er stor eigar. Sjølv om me i Arbeiderpartiet er ueinige i den vurderinga, vedtok kommunestyret å akseptera kravet om kraftig nedsalg av kommunens eigardel i Skakke. Dessverre så enda det med at stiftinga stilte ei rekke nye krav, deriblant at eigardelen til idrettslaget og skulle avgrensa i vedtektene i eit nytt AS. Dette ser eg ikkje kan grunngjevast i skattefrykt, men det er heller eit verktøy for å tilpassa styre og drift ved Skakke til meiningane til enkeltpersonar i stiftinga.
Eg meiner me i Etne-samfunnet er svært heldige som har tilgjengelege midlar både gjennom Sparebankstiftinga og andre stiftingar/fond. Det ligg store moglegheiter for bygda og kommunen vår i desse. Men denne saka har og vist at ein må trø varsamt og forsøke å operere med større openheit i drifta av slike stiftingar. Eg meiner det er uakseptabelt for ei slik stifting å operera med taushetserklæringar. Eg meiner og at stiftinga ikkje skal drive med politisk påverking, eller påverking av frivilligheitas styre. Om ein les vedtekter og formål med stiftinga så skal den dele ut gåver til ålmennyttige prosjekt. Det står ingenting der om å drive påverking eller forsøke å endre styrer og eigarskap.