Per Rullestad.
Per Rullestad.

Debatt

Skuffa grunneigar og DNT-medlem

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Takk for at eg fekk vera med å feira Etne Turlag sitt 25. års jubileum! Ein fin kveld med god mat og underhaldning. Etne Turlag gjer ein god jobb for både unge og eldre med å få dei ut i naturen og bli glad i naturen.

Dagleg leiar i Haugesund Turistforening orienterte om laget sitt og vegen vidare med Den Norske Turistforening (DNT). Han sa mellom anna at Den Norske Turistforening skulle engasjera seg meir i arbeidet mot utbygging av vasskraft. Eg er og medlem i Den Norske Turistforening og glad i naturen, men der skiljast våre vegar. Me lever i eit samfunn med auka behov for rein energi og politisk vedtak om mindre CO2-utslepp. Me ser ei utvikling med fråflytting av bygdene og meir og meir sentralisering. Fornuftig utbygging av vasskraft (elvekraft) kan bidra til at unge folk flyttar heim, får ei gulrot» og moglegheit til å driva jordbruk i utkant-Noreg. Dette kan og gjera det lettare for andre å flytta heim».

Naturvernarar snakkar om rasering av bygdene med kraftutbygging, men kva er meir rasering enn ei fråflytta grend som blir trua av gjengroing? Jordbruk i utkantar og stell av kulturlandskap skulle det vore meir fokus på, og det er slike ting turistar likar å sjå. Eit lite elvekraftanlegg viser mindre att enn ein opptrakka sti frå hytte til hytte.

Til Den Norske Turistforening: Spel på lag med grunneigarane og ikkje i mot.

Ha ein fin tur!

Per Rullestad

Powered by Labrador CMS