Morten Odeen
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Skakkesaka og arbeidsmåtane til Sparebankstiftinga
Sparebankstiftinga får stryk» stod det i overskrifta til Grannar sin artikkel om informasjonsmøtet om Skakkesaka. Det er dessverre ei ganske presis oppsummering. Innhaldet i møtet skal eg ikkje skriva så mykje om – les heller artikkelen i Grannar. Derimot er det grunn til å seia noko om KORLEIS Sparebankstiftinga jobbar.
Etter stiftinga sin presentasjon av saka, såg ting ryddig og fornuftig ut. Men – så braka det laus og mange hadde kritiske innlegg til Sparebankstiftinga si handtering av saka. Det kom fram meir og meir episodar om arbeidsmåtar som fekk mange til å stussa på kva stiftinga held på med. Det mest graverande var måten leiinga i stiftinga hadde jobba inn» det nye alternativ 2 i forhold til Etne IL. Rett tenesteveg vil sjølvsagt vera å starta med å informera leiaren i Etne IL om forslaget og ta prosessen vidare derifrå. Av frykt for at han kanskje ikkje ville vera einig, informerte stiftinga istadenfor nokre (ikkje alle) av gruppeleiarane i EIL og ba om skriftleg teieerklæring. Slik dolka dei leiaren i EIL i ryggen og takla han utover sidelinja.
Dette er overraskande uprofesjonelt, udemokratisk og direkte uforskamma åtferd overfor ein leiar som har ofra mykje av fritida si for at barn og unge skal ha ei positiv og meiningsfull fritid. Leiarane i stiftinga prøvde fyrst å forklara kvifor dei hadde gått fram slik, men bomma stygt og vikla seg inn i sitt eige garn. Etter hard kritikk frå fleire om dette, var det positivt at styreleiar la seg flat og vil be leiaren i Etne IL om orsaking. Langt meir bekymringsfullt var det at dagleg leiar i stiftinga syntest dette var ein vanleg og grei måte å behandla folk og lag på. Det lovar ikkje godt.