Lisa Marie Ness Klungland (Sp) gler seg til litt fritid etter ein hektisk valkamp.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Lisa Marie Ness Klungland (Sp).

Debatt

Senterpartiet gjer kvardagen betre for oss i Etne og Vindafjord

Folk flest merkar lommeboka betre enn dei merkar dei store orda i politikken. Derfor er det verdt å sjå på kva me faktisk sparar på at Senterpartiet sit i regjering – særleg for oss som bur i distrikta.
I denne perioden er det innført ei rekke grep som merkast rett på kvardagsøkonomien: Ein familie med vanleg inntekt har fått tusenlappar mindre i skatt og ein familie sparar nå 2.300 kr per månad per barn på barnehage og fleire titals tusen kr årleg på SFO. Avgiftene på straum og vatn/avløp har gått ned. Reisefrådraget er styrka, ferjeprisane frå Skånevik og over Boknafjorden er halvert. For distrikta der bil og ferje ikkje er luksus, men livnødvendig, er dette avgjerande. Folk som bur i distriktet her får 25 000 kr i året sletta på studielånet.
Alt dette summerer seg til store beløp. For ein vanleg familie kan forskjellen fort vera titusenvis av kroner spart kvart år. Det er ikkje småpengar, det er pengar til mat, straumrekning og fritidsaktivitetar for ungane. Fordi når kostnadane har gått opp så mykje som dei har gjort, har det vore viktig for oss å prioritera kvardagsøkonomien til folk.
Dette er òg tiltak me har prioritert for å gjera det meir attraktivt å slå seg ned og bygga framtida si i Etne og Vindafjord. For nokre dagar sidan var leiaren i ungdomspartiet til Frp på besøk hos Ullern vgs. i Oslo. Der uttalte han at han nå hadde reist rundt i distrikta, og synest det var godt å koma tilbake til velstand og pengar. Velstand og pengar som me har skapt, og som Oslo nyter svært godt av.
Senterpartiet har vist at me set distrikta først. Me treng ein politikk som ikkje berre er tilpassa livet i dei største byane, men som gjer det mogleg å leva godt i heile Noreg. For oss i Etne og Vindafjord er forskjellen tydeleg: kvardagen blir litt enklare, økonomien litt betre, og framtida litt lysare når Senterpartiet styrer.
Lisa Marie Ness Klungland
Stortingsrepresentant, Rogaland
Energi og miljø-komiteen
Senterpartiet

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Powered by Labrador CMS