Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Naomi Wessel, fylkestingsrepresentant og 2. kandidat til stortinget frå Rogaland – Raudt (t.h.) og Jeanette Syversen, fylkestingsrepresentant i Vestland og 3. kandidat til stortinget frå Hordaland – RaudtFoto: Privat
Naomi Wessel, fylkestingsrepresentant og 2. kandidat til stortinget frå Rogaland – Raudt (t.h.) og Jeanette Syversen, fylkestingsrepresentant i Vestland og 3. kandidat til stortinget frå Hordaland – Raudt

Debatt

Raudt står samla: Snøggbåten må tilbake til Ølen og Utbjoa

Frå 1. juli mista innbyggjarane i Ølen og Utbjoa snøggbåtanløpet sitt. Det har fått store konsekvensar for kvardagen til studentar, arbeidstakarar, familiar og folk med særskilde behov. Mange har fått timevis med ekstra reisetid, høgare kostnader – og for somme har dette endra heile livssituasjonen.

Vi i Raudt har lese og lytta til dei sterke historiene frå innbyggjarane som har vorte råka. I e-postar og innbyggjarinitiativ har det kome ei rekkje gode og viktige spørsmål: Er det gjort reelle samfunnsøkonomiske vurderingar før vedtaket? Har ein rekna på konsekvensane for skulegang, arbeidspendling og tilflytting? Eller blei tilbodet kutta berre for å spare pengar – utan å ta høgd for kva det faktisk kostar samfunnet på sikt?

Dersom slike vurderingar ikkje er ein del av grunnlaget, er vedtaket ikkje godt nok forankra. Dette handlar om å kunne bu og jobba i distrikta. Når ein legg ned eit slikt tilbod utan å ta inn over seg dei reelle følgjene, bygg ein ned grunnlaget for levande lokalsamfunn, det kan ikkje Raudt vere med på.

Powered by Labrador CMS