Honsvika badeplass.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Debatt
Protest mot Olav Vik-stiftinga sitt forslag til makebytte
Styret i Olav Vik-stiftinga vil gi vekk nesten halve eigedomen som er testamentert til bygdefolket. Eigendomen Olav Vik hegna om og stelte som sitt eige barn. Skogreisningsmannen/revisoren testamenterte gåva til ålmenta i Etne, og paragraf 2 i vedtektene seier følgjande: Stiftinga skal ha til føremål å halde ved like eigedommane på Osnes, og sjå til at garden vert nytta til: Rekreasjon, opplæringsføremål, opphaldsstad for kunstnarar av alle slag og til historiske føremål. Alt innanfor dei råmene som gjer at tiltaka kjem ålmenta og lokalsamfunnet til gode.»
Me fekk høyre om dette makabytet» frå naboar til stiftinga, som etter å ha motteke nabovarsel, gjorde oss merksame på saka. Stiftinga var ei gåve frå Olav Vik til folket, og areala har kulturell og historisk verdi. Dette bør ikkje bytast vekk. I dag er delar av arealet i stiftinga gjort om til ein flott park, medan andre delar utgjer eit viktig kulturlandskap som bør takast vare på for framtida. No er det foreslått at stiftinga skal byte bort fire teigar med kulturlandskap og skog, til saman i underkant av 100 dekar, mot eit lite område på om lag 6 dekar dyrka mark i strandsona.
Hovudargumentet for dette bytet skal mellom anna vere behovet for parkering og toalett, noko som ikkje krev eit slikt byte, då det er rikeleg plass på stiftinga si eigendom. At styret i stiftinga vil utvikle og byggje fine toalett, bygg og parkeringsplassar, har etter vår meining ingenting med denne saka å gjere. Det er nok av plassar å få til dette, til dømes på oversida av vegen, som òg høyrer til Olav Vik-stiftinga. Etter at me var ute og såg, konkluderte me med at dette er fullt mogleg. Me sit spørsmålteikn ved at teigen på 6 dekar, har like høg verdi som Olav Vik sine nesten 100 da. Strandsoneareal er uansett ikkje tilrådeleg å byggje parkering og toalett på.