Anne-Magrethe Eidhammer er sterkt engasjert for å få betre mobildekning i Fikse-/Opheim-området i Ølen.
Debatt
Ope brev til ordførar Ole Johan Vierdal
Gode ordførar i Vindafjord!
Eg veit du høyrer til partiet Sp, som i høgaste grad vil ta seg av utkantstroka og ta ansvar og styra landet, for at folket i distriktsnoreg skal kunna bu der dei bur og ynskjer.
Dette med at alle skal kunna ha eit stabilt mobilnett og raskt breiband slik at det er tilgjengeleg for alle i heile landet, var oppe på Stortinget mai 2021 med innstilling frå dei raudgrøne i Transport- og kommunikasjonskomiteen. Dette var det berre Ap, Frp, MDG og Raudt, som støtta, utan Sp.