Planlagd trasé for Saudatunnelen (stipla linje), mellom Saudasjøen og Frette i Etne, med ny veg i nordenden frå Frette til E134.Illustrasjon: Asplan Viak
Debatt
No må det bli alvor av tunnelplanane!»
I 140 år (!) har saudabuen kjempa for vegforbindelse til Etne og det som i dag er E134. Sjølv om det er stadfesta at ein tunnel vil vera samfunnsøkonomisk lønnsom, er satsinga stadig i det blå. Fram til noko skjer, må vel 4.750 innbyggarar innerst i Ryfylke finne seg i å vera ein tidvis isolert utpost i Rogaland.
Knapt noko område her i landet er så dårleg stilt når det gjeld vegforbindelse. Denne hausten har saudasamfunnet og delar av Suldal fleire gonger vore avskårne frå omverda. I løpet av ein månad opplevde folk her at vassføringa i Svandalsfossen isolerte lokalsamfunnet. Ikkje lenge etter ramma eit ras og forårsaka same situasjon.
Kun Senterpartiet og MDG hadde i fylkestinget før jul sett av pengar i vårt alternative budsjett for å komme i gong med vidare arbeid rundt planane om tunnel til Etne. Også NHO har hatt fokus på vegforbindelsen. Det er naturleg, all den tid næringsliv og industri er svært viktig i Sauda.