Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sofie Marhaug (R) heldt appell under ei markering på Strype i Etnefjella i oktober i 2023. ARKIVFOTO: JONAS SANDSGÅRD
Sofie Marhaug (R) heldt appell under ei markering på Strype i Etnefjella i oktober i 2023.

Debatt

Monsterovergrep i norsk natur!

I desse dagar er Statnett og innleigde selskap i full sving med å byggje den omstridte 420kV-linja i luftspenn. Denne linja skal frå Blåfalli i Kvinnherad gjennom Etnefjella og Vindafjord til Gismarvik på Haugalandet.

Mykje urørt og vakkert natur- og kulturlandskap vil bli øydelagd i generasjonar av anleggsvegar, skogrydding, monstermaster og kraftlinjer. Dette skje trass sterk motstand frå miljø- og friluftsorganisasjonar, og mange lokal- og fylkespolitikarar.

Raudt fekk med seg fire andre parti i Stortinget (SV, MDG, KrF og V) på eit krav om å få utgreidd eit skånsomt jord- og sjøkabelalternativ. Eit slikt alternativ ville vere meir framtidsretta både miljømessig og beredskapsmessig. Men regjeringspartia AP og Sp, med full støtte frå H og FrP , avviste dette i Stortinget. Statnett og deira politiske støttespelarar har hevda at dette prosjektet var heilt avgjerande for etablering av tusenvis av nye arbeidsplassar i næringsparken i Gismarvik.

Powered by Labrador CMS