Dagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst (f.v.), Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar Pål Kårbø i E134 Haukelivegen AS jobbar for at Bakka-Solheim skal bli prioritert.
Sagleg leiar Sigmund Lier i Haugaland Vekst (f.v.) vil få fart på E134-prosjektet i Etne og Vindafjord. Her saman med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og dagleg leiar Pål Kårbø i E134 Haukelivegen AS under ei vegmarkering i Vindafjord i 2024.

Debatt

Lat oss kle E134 i rett drakt: Haugalandsvegen

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Vegane på Haugalandet heng etter. Aust for Haukeli, i Sogn, på Sørlandet og fleire stader i Nord-Noreg ser vi store vegløft – medan E134 inn mot Stordalen i Etne framleis manglar gul stripe og har ein standard som høyrer til i ei anna tid. Det er på tide å samle krefter for å løfte E134 mellom Haukeli og Haualandet opp på nasjonalt nivå.

Når Rogfast står ferdig i 2033, blir Haugalandet tettare knytt til Stavanger, Sørlandet og vidare inn i det europeiske vegnettet. Reisetida over Boknafjorden blir nesten ein time kortare, og Statens vegvesen ventar 20–40 prosent trafikkvekst på dei viktigaste tilførselsvegane dei første åra. Presset på E134 vest for Haukeli vil auke dramatisk. Det er mindre enn åtte år til opninga – vi kan ikkje sitje i grøftekanten og vente. Vegen må løftast no, og han må få eit namn som speglar kven han tener.

Ordførarane i Etne og Vindafjord har lenge kjempa for ny europaveg, det same har fleire av våre» folk på Stortinget. Men nasjonalt er Bakka–Solheim» eit ukjent namn, og det gjer det vanskeleg å mobilisere brei støtte. Difor føreslår eg at strekninga Stordalen–Haugesund/flyplassen/Husøy får arbeidsnamnet Haugalandsvegen. Med eitt ord blir det enklare å forklare kvifor investeringane her er viktige for nasjonal transport, og vi viser at vegen bind saman ein av Noregs mest eksportorienterte regionar. Bakka–Solheim skal framleis vere førsteprioritet – men under ein samla merkevare som gjer at alle delprosjekt får større tyngd.

At eit godt namn verkar, har andre vist oss. Hålogalandsvegen mobiliserte seks nordnorske kommunar og fekk gjennomslag. Sotrasambandet vest for Bergen er eit anna døme. Begge prosjekta kostar langt meir enn å byggje ny, trygg E134 gjennom Etne og Vindafjord – men dei har hatt noko vi manglar: Eit namn som gjev identitet, retning og politisk kraft.

E134 er alt ei av landets viktigaste godsliner mellom aust og vest. Om lag 450 vogntog passerer Haukelifjell kvar dag med varer verdt over 135 milliardar kroner i året – frå laks og kjøt til industrikomponentar. Jernbanen er ikkje eit reelt alternativ. Når Rogfast kortar avstandane ytterlegare, vil endå fleire velje Haugalandsvegen. Skal både sjømat, industri og folk kome trygt fram, må vi rydde flaskehalsane før dei blir kvelartak.

Sjølv den beste fjellovergangen hjelper lite om trafikken korkar seg ved kysten. Karmsundbrua frå 1955 er overbelasta og nær teknisk pensjon. Ei ny bru vil sikre trygg ferdsel mellom Karmøy og fastlandet og styrkje heile verdikjeda frå smelteverk og fiskeforedling til internasjonal eksport. Det same gjeld ein ny arm til Husøy hamn – ei av dei største fiskeri- og prosjektlastterminalane i landet, og eit næringsområde der over 1.100 haugalendingar har arbeidsplassen sin. Karmøy kommune har alt vedteke reguleringsplanen; no må staten bidra for å sikre betre og tryggare veg til Husøy. Eit betre knutepunkt mot Haugalandsvegen vil få laksen raskare til kontinentet og industriprodukta ut i verda utan flaskehalsar.

Vi på Haugalandet bør merke oss at Samferdsledepartementet nyleg har valt konsept for å mate E134 med trafikk frå Bergen og Hardanger, med arm via Odda. Når armen står ferdig, vil han forsterke E134 som nasjonal aust–vest-akse og gje Røldal–Vågsli nye løft. Men før ein startar nye prosjekt i armen mot Bergen, må hola på vestsida tettast. Bakka–Mo/Fikse, Karmsundbrua og Husøyarmen har høg samfunnsnytte – og desse behova forsvinn ikkje fordi vi ser mot Bergen. Tvert om: Eit sterkt Haugaland er ein føresetnad for ein sterk vestlandsakse.

For å lukkast treng vi det same som Hålogalandsvegen og Sotrasambandet hadde: Ein samla politisk front. Kommunar, fylke og næringsliv må tale med éi røyst. Lat oss gje vegen eit namn som lokkar til seg merksemd og midlar, og byggje vidare på grunnmuren som alt er lagt. Haugalandsvegen er ikkje berre asfalt – han er blodåra som held regionen vår levande.

Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst

Powered by Labrador CMS