Imsland oppvekstsenter blir lagt ned hausten 2025.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Kvifor skal Bjoa og Imsland skular leggjast ned?
I ein reportasje i Grannar 6. d. m. går det fram at kommunedirektøren innstiller på nedlegging av Bjoa og Imsland skular på grunn av at elevtala på skulane er for små og at det er best for elevane og kommunen». Sjølvsagt går det ei grense for kor liten ein skule kan vera, men fleire av dei mange innlegga som har vore i Grannar i samband med skuledebatten har peika på at me ikkje er ved denne grensa no. Dette er eg heilt samd i. Skal ein skule leggjast ned på grunn av for få elevar, vil dette vera ei eiga sak der både bygd og foreldreutval må få uttala seg, og det må drøftast både ulemper og fordeler der både økonomi og opplæring vert vurdert.
Uttalen frå kommunedirektøren at det er best for elevane og kommunen» er i klar motstrid til det som har framkome frå svært mange av bygdefolket i spaltene her. Mistanken om at det er reint økonomiske omsyn som ligg bak denne uttale, er klart til stades, og då kan ein spørja: Skal Bjoa og Imsland lida for at det ikkje har lukkast å få ned» kostnadene for skulesektoren? Etter mitt syn burde kommunen heller engasjera seg for å styrkja folketalet i desse bygdene slik at skuletilbodet kan oppretthaldast. Levande bygder omfattar også Imsland og Bjoa, og skulen er ikkje mindre sentral i ei lita bygd.
Skuledebatten som har vore, har vist eit stort engasjement for å halda på skule i kvar bygd, og dette gjeld også Bjoa og Imsland. Difor vil oppmodinga mi til kommunestyre-representantane vera: Ver solidariske mot bygdefolket og gå inn for at kvar bygd i Vindafjord får ha sin eigen skule framleis. På sikt vil eg tru at dette vil gagna kommunen.