Dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening ser at rekruttering av kompetanse er ei utfordring for mange bedrifter. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening.

Debatt

Kva vil partia gjera for næringslivet i Etne og Vindafjord?

Det private næringslivet er bærebjelken i den norske velferdsstaten. Utan lokale bedrifter kan me sjå langt etter ei levande bygd. Difor er det heilt avgjerande at årets stortingsval handlar om å gje næringslivet dei rammevilkåra dei treng – både for å kunna konkurrera med utanlandske aktørar, og for å halda fram med å skapa arbeidsplassar utanfor storbyane. Men eg fryktar dessverre at både Etne og Vindafjord kan bli gløymde i neste stortingsperiode.

Eit døme på dette er innlegget i Grannar frå Arbeidarpartiets Ruth Mariann Hop, der ho skriv at det frå 1. august maks kostar 1200 kroner i månaden for ein barnehageplass. Som Senterpartiets Lisa Marie Ness Klungland påpeika i kommentarfeltet, kostar det 700 kroner i Etne og Vindafjord etter at Senterpartiet fekk forhandla fram differensiert pris for distriktskommunar. I valkampen har det dessverre blitt vanleg at partia sine kommunikasjonsavdelingar skriv generiske innlegg som kandidatane prøver å få publisert i alle lokalaviser dei klarar. For all del – det kan henda Hop skreiv innlegget sjølv, og 700 kroner er strengt tatt innanfor maks 1200 kroner». Men innlegget viser i alle fall at ho ikkje har sett seg godt nok inn i våre lokale forhold.

Kvar er partia og politikarane som vil kjempa for innbyggjarane og næringslivet i Etne og Vindafjord – som veit korleis me har det og kva me treng? Sjølv om Oslo er langt unna, er dei fleste på Stortinget valde inn frå krikar og krokar over heile landet. Berre ikkje frå vår vesle krok. I dag sit vindafjordingane Terje Halleland, Tove Elise Madland og Lisa Marie Klungland på Stortinget. Ingen frå Etne. Berre Klungland stiller til attval. Me har dermed ei formidabel oppgåve i å få dei som blir valde inn frå nabokommunane våre til å kjempa for oss og våre saker.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS