Faksimile frå Grannar torsdag 28. oktober 2021.
Debatt
Krev svar av ordføraren om innsamlingsaksjonen
Kommentarar til artikkelen med ordførar Ole Johan Vierdal i Grannar den 28.10.21.
Det fyrste eg reagere på når eg les stykket som stod i Grannar er at ordføraren understrekar først at det blir opplevd som meiningslaust å gå rundt med bøsser når folk ikkje har kontantar og heller brukar Vipps eller andre betalingsmåtar». Kva veit ordføraren om dette undrar eg meg på? Eg kan ikkje snakka for alle i kommunen, men eg veit at fleire med meg tar ut kontantar akkurat for desse aksjonane. Sjølv om me har Vipps og det finst andre betalingsmåtar så betyr ikkje det at folk ikkje har kontantar. Nei, her synst eg ordføraren er ute å synsar. Å det ser me jo når me samanliknar oss med andre kommunar om kva som kom inn. Noko ordføraren sjølv påpeikar i artikkelen, og at det var bedriftene som berga denne innsamlinga. Hadde det ikkje vore for dei så hadde me kanskje vore nederst på statestikken i fylket.
Ein annan ting eg undrar meg over når eg les stykket er at ordføraren er leiar for kommunekomiteen og skal skaffa koordinatorar for bygdene i kommunen. Er dette ein jobb som ein ordførar bør ha? Burde ikkje nokon andre hatt denne jobben? Trudde gjerne ordføraren hadde meir enn nok å gjera, så då er det vel kanskje ikkje så rart at det svikta. At det var eit slit å få til kan nok henda, men kanskje han då burde delegert arbeidet til nokon som hadde meir tid til å få dette i orden? Trur nok det sit mange på rådhuset i Ølen som har meir tid enn ordføraren til å gjer dette. Kanskje det burde vore to som hadde hovudansvaret for dette? Då ramlar korthuset ikkje så fort når den eine ikkje får det til.