Harald Magne Ekornrud.Foto: Privat
Harald Magne Ekornrud.

Minneord

Harald Magne Ekornrud til minne

Sola skein på Støle då Harald Magne Ekornrud blei gravlagt fredag før påske. Han døydde søndag 3. april. Det var eit langt og særs mangfelt liv som då var til ende. Me blei kjent med Harald for 45 år sidan, då han og vår Mosta», Eli Moe, traff kvarandre.

Harald blei fødd i 1934 og vaks som opp yngst av fire, på Gismarvik. I 1955 starta Harald og broren, Kristoffer, Østrem sanddrift i Etne. Dei to var sidan kompanjongar, næraste naboar og beste venner.

I 1975 blei Harald enkjemann. Då hadde han ei stor bedrift og tre døtrer i alderen tre til fjorten år som han måtte ta seg av. Gunda og Kristoffer, og deira barn, var uvurderleg god støtte for Harald då. Livet vende igjen då han traff Eli. Eli og Harald gifta seg i 1977, fekk Harald jr. og bygde ein heim som også blei som ein heim nr. to for oss. Der var opne dører, varmt og hyggeleg, god mat, mykje lått, og det blei morosam og god leik med Harald jr. og Elisabeth. Me var alltid velkomne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS