Sparebankstiftinga i Etne: F.v: dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad, leiar i generalforsamlinga Asbjørn Moe.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Gåve til bygda, ikkje maktspel
Etter det opne møtet på måndag har Sparebankstiftinga Etne fått mange meldingar frå bygdefolk, lag og foreiningar som støttar vårt forslag og engasjement for løysing for Skakke. Dessverre, fordi saka er blitt så betent, tør ikkje mange å vere synlege. At nokon ropar høgast, betyr ikkje at dei har rett eller representerer fleirtalet. Det gjer oss enno meir overtydde om at stiftinga må halde fram.
Me har i utgangspunktet prøvd å unngå ordskifte fram og tilbake gjennom Grannar, men me ser oss no nøydde til å svare ut nokon påstandar.
Det er fleire grove misforståingar rundt stiftingas engasjement i Skakke. La oss klarne opp: