Frukosttankar med Guri RavatnFoto: Privat
Frukosttankar med Guri Ravatn

Frukosttankar

Grannar har nytt stoff på nettsida si rett som det er. Derfor høyrer Grannar med til frukosten.

Så og idag, 5 dagar før valet.
Eit av oppslaga i Grannar er kjappe spørsmål til lokale veljarar: Skal dei stemma? Kva sak er viktig og har dei skifta parti?

Her var interessante, varierte, viktige og engasjerte utsegner!

Så tenkte eg: Kva ville eg svart ,om eg fekk desse spørsmåla? Jo, sjølvsagt vil eg stemma!
Og kva saker er viktige for meg? Først tenkte eg på klima; kor viktig det er å planlegga og styra nå, slik at mine barnebarn har ei bærekraftig framtid.

Og, så gjekk tankane til internasjonal solidaritet, til Gaza og andre konfliktar. Me må visa nestekjærleik i eit større perspektiv.
Fordeling -.globalt, nasjonalt og lokalt – vart mi siste viktige sak. Me som har mest, må vera med på å løfta andre!

Ja, sånn var mine frukosttankar og konklusjonen vart at partiet for meg er SV – eg ikkje har skifta parti!

Bruk stemmeretten, stem gjerne SV dersom dine viktige saker er som mine!

Godt val!

Guri L. Ravatn

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS