Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tiden for bygdepolitisk er for lengst over mener innsenderen. Skånevik kultur- og idrettshall. Arkivfoto
I løpet av starten på 2025 skal andre etasjen på idrettshallen vera ferdig renovert. Arkivfoto

Debatt

Dugnadsånda lever i Skånevik

Vi har fullført oppgraderingsabeidet i Skånevik kultur- og idrettshall med svært godt resultat. Arbeidet har gått over fleire år og mange entusiastiske personar, unge som eldre, har vore med. Bygget var ferdig i 1994 og trong oppgradering, sjølv om ein må seia at brukarane har handsama det fint.

Dette arbeidet er utført: Lagt nytt asfaltdekke på taket og skifta alle takrenner, utvendig maling, utbetra og fornya ventilasjonsanlegget og installert nye varmepumper i heile bygget. I heile 1. etasje, inklusiv halldelen, er det skifta til LED-lys. Alle rom i same etasjen: Gang/vestibyle, garderobar/dusj, toalett, lagerrom, vaskerom, trimrom er malt med to strøk maling. Skada fliser i bygget er skifta ut og det er lagt nytt golvbelegg i vaskerommet. Alle benkane i garderobane er pussa ned og lakka på nytt.

Det utførte arbeidet er kostnadsrekna til ca. 2,8 mill. kr. Vi har klart å finansiera dette utan å ta opp lån. Slik som vi klarte ved reisinga av bygget. Grunnen er sjølvsagt den strålande dugnadsånda som framleis lever i Skånevik. I tillegg til dette har vi installert eit stort høgtalaranlegg i taket i sjølve hall-delen. Sparebanken Vest har støtta dette med heile 150.000 kr og store delar av monteringsarbeidet er gjort på dugnad.

Powered by Labrador CMS