Wenche S. Lilleland.
Arkiv/Jon Edvardsen
debatt
CRPD er innkorporert i menneskerettigheitslova
Menneskeverdet har fått ein stemme i lova. 09. desember 2025 skreiv Stortinget historie.
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Med fleirtal for å innkorporeire CRPD i menneskerettigheitsslova har Noreg endeleg teke det steget som mange har venta på, kjempa for, grått for – og ofra for.
Dette er ein stor siger for menneskerettane.
Ein siger for dei som ikkje blir høyrde.
Ein siger for dei som altfor lenge har stått bak lukka dører i kommunale vedtak, i institusjonar, i tvang, i stillheit.
Og ja – ein siger for oss alle.
- Arbeidarpartiet heldt ord.
- Fleire parti viste integritet og samvits.
- Fleirtalet på Stortinget valde menneske framfor maktapparatet.
Dette handlar ikkje om ideologi, det handlar om verdigheit.
Om rettstryggleik. Om at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje lenger skal vere prisgitt kommunal vilje, tilfeldigheiter eller tolkinga til ein saksbehandlar som aldri har møtt dei.
Det handlar om at livet deira endeleg skal tåle dagslys.
Eit stille oppgjer mot dei som motarbeider retten.
Det er også ein dag for ettertanke.
For medan Stortinget løfta menneskerettane, sat både KS og LO og argumenterte imot – som om universelle rettar var ein trussel mot systemet og ikkje eit vern for mennesket. Og medan familiar i heile landet delte sine historier om tvang, isolasjon, maktmisbruk og svikt – valde VG-kommentator Hanne Skartveit å advare mot CRPD, som om norske domstolar ikkje skulle tåle å beskytte sine svakaste.
I dag viste Stortinget at frykta var grunnlaus.
Og at menneskeverdet aldri skulle vere gjenstand for ein slik kamp.
Dette endra alt – men kampen er ikkje over.
CRPD i menneskerettigheitsslova betyr at: