Fra venstre: Roger Dale, Leif Dale, Lill Eva Dale, May Hilde Nesheim, Inger Dagny Nising,Jonny Frøland, Jan Åge Haugen og Lars Berge Gjerde.
Debatt
AF sine planar trugar fjordane våre – og lokalsamfunnet
Det er med stor interesse – og aukande uro – vi som berørte grunneigarar har følgt prosessen rundt AF sine planar. Kjensla av avmakt er sterk. Vi må bruke tid og energi på å kjempe mot ein aktør som, under dekke av det grøne skiftet, forsøker å ta seg til rette på eigedomane våre og påføre lokalmiljøet meir forureining, støy og øydelegging av natur.
AF er ein stor kommersiell aktør som nyttar miljøretorikk som alibi for å gjennomføre tiltak som vil ha alvorlege konsekvensar for både luft, sjø og livskvalitet. Økosystema i både Vatsfjorden og Yrkesfjorden er allereie under sterkt press. Dette burde i seg sjølv vera nok til å stanse planane.
Undersjøisk sprenging og utfylling av sprengstein i sjø har dokumentert negativ effekt på marine økosystem. Det fører til spredning av partikler og metaller, som kan skade både fisk og bunndyr. Sprengning skaper trykkbølger som kan gi permanente skader på fisk og marine pattedyr, og føre til endringar i havbunnen som øydelegg viktige naturtypar som tareskog og ålegrasenger