Lisa Marie Ness Klungland.Foto: Privat
Lisa Marie Ness Klungland.

930 av oss kan mista moglegheita til å sletta studiegjeld

Ved eit mogleg regjeringsskifte står ei viktig ordning for fall – ei ordning som kan påverka framtida til hundrevis av unge og nyetablerte i våre kommunar. Heile 290 personar i Etne og 640 personar i Vindafjord kan mista retten til å få sletta deler av studielånet sitt dersom Høgre og Frp kjem til makta.

Senterpartiet i regjering har innført ordninga med gjeldssletting for dei som flytter til og jobbar i distrikta – ein målretta politikk for å sikra busetnad, rekruttering og vekst i mindre kommunar. Dette har vore ei reell gulrot for unge med høgare utdanning til å satsa på bygdene, og nokon har vald å etablera seg nettopp her på grunn av denne moglegheita.

Eit regjeringsskifte til ei borgarleg regjering – som tidlegare har kutta denne ordninga – vil truleg bety at denne viktige økonomiske støtta forsvinna. For oss i Etne og Vindafjord betyr det at 930 personar som i dag har krav på gjeldssletting, kan stå igjen utan denne retten.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS