Kjetil Nesbu i UP under ein tidlegare fartskontroll.
Arkivfoto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
70.000 fleire fartssyndarar skal takast i år
Politidirektoratets mål for kor mange fartssyndarar som skal takast av fotoboksar, er justert opp frå 180.000 tidlegare år til 250.000 i år.
Fotoboksane har til no berre vore i drift deler av døgnet.
– No skrur vi boksane på slik at dei er på cirka 90 prosent av døgnet. Det gjeld alle fotoboksar i heile landet. Antakeleg kjem omtrent 70.000 fleire til å bli teke i fotoboks i år enn tidlegare år, seier fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet til NRK.
Avgjerda vart teken før dei mange dødsulykkene i april og mai i år. Politiet og Statens vegvesen håpar tiltaket vil føre til færre alvorlege ulykker.