Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Foto: Magne Skålnes
Sverre Ramsfjell skåra det siste målet i 1-5 sigeren mot Sauda. Her frå vårkampen mot same lag, der han netta to gonger.

Tok viktige poeng i Sauda

Alle rekna nok med at Ølen skulle ta heim poenga i sin bortekamp mot Sauda torsdag kveld, men alle kampar skal spelast før ein innkasserar noko. Men Ølen fekk ein grei start og kunne gå til pause med ei 0-3 leiing etter skåringar av Reidar Austrheim, Ådne Nærheim str., og Torger Vestnes. Emil Haugland Rønnevik og Sverre Ramsfjell auka for bortelaget i andre omgang, og til slutt stod det 1-5 på lystavla i Sauda.

Dette set press på Etne som spelar sin siste kamp i morgon mot Djerv 1919 2 på heimebane. Laga ligg nå likt på poeng, men Ølen har fire plussmål meir. Ølen har to tøffe kampar igjen, mot Djerv 1919 2 heime og Rubbestadnes borte. Begge kampane vert spelt neste veke.

Vats 94/Skjoldar hadde og kamp torsdag kveld, og oppgjeret heime mot Vedavåg Karmøy enda 1-1. Begge mål kom tidleg i kampen, og heimelagets skåring kom etter berre to minuttar ved Morten Frøland. Gjestene kvitterte etter elleve minuttar, og etter det vart det ikkje skåringar i kampen.

Powered by Labrador CMS