Sport
Tok bronse med landslaget
Med foreldra på tribunen i Torshavn på Færøyane, tok Tiril Våg Skjold (17) frå Vikedal i helga bronse med det norske flagget på brystet.
Ho var på reise med det norske U19-juniorlandslaget. Turneringa var i regi av NEVZA som er ei gruppering av volleyballandslaga i dei nordiske landa og Storbritannia. Sidan Færøyane og Grønland stiller med eigne lag, var det åtte ulike landslag Tiril Våg Skjold og det norske laget kjempa mot.
— Me er utruleg stolte av Tiril og resten av laget, seier mor Anja Våg Skjold.
Det er ikkje uvanleg for Tiril Våg Skjold å spela med og mot eldre jenter. Vindafjord-spelaren er sjølv 17 år, og blir ikkje 18 før i slutten av mai neste år. No konkurrerte ho på U19-landslaget.
— Det er fint at norske spelarar på denne måten får prøvd seg mot nivået i andre land, og Tiril gjorde ei veldig bra turnering, seier Anja Våg Skjold.