Lesaren melder
Til topps i fylkescup med 100 supportarar på tur
Laurdag 8. november skreiv Etne Gutar 16 seg inn i klubbhistoria då dei vann finalen i Rogalandscupen etter 1–0-siger mot Riska. Finalen blei spelt på Vår Energi Arena på Randaberg, og nesten 100 ivrige Etne-supportarar – familie, slekt og vener – fylte tribunane og heia fram laget.
Etne-gutane reiste ned med eigen buss, og stemninga var på topp med pizza og brus i lag før kampstart. Tidlegare i turneringa hadde laget slått ut Nord, Åkra, Bryne 2 og Brodd 2 – og viste nok ein gong kva som bur i denne gjengen.
Kampen mot Riska blei eit oppgjer med høg kvalitet, mykje godt spel og mange sjansar. Etne var det førande laget gjennom stort sett heile kampen, og etter 53 minutt kom den fortente uttellinga: Peder Rygg Haugen sette inn vinnarmålet etter ei presis pasning frå Magnus Haugen – til ellevill jubel frå tribunen!
Etne hadde kontroll på resten av kampen, og då dommaren bles av etter 80 + 5 minutt, kunne jubelen sleppast laus. Ein sterk prestasjon av ein samspelt og dedikert gjeng!
Laget består av 16- og 17-åringar som har spelt saman sidan dei var 5–6 år gamle, og i år har fire gutar frå Skånevik IL kome til og styrkt gruppa ytterlegare. I tillegg var laget så heldige å få låne med seg ein spelar frå klubbens 15-årslag.
Trenarar dei to siste åra har vore Svein Helge Ytrenes og Åge Madsgård, medan Kathrine Tungesvik Matre har vore lagleiar heilt sidan starten.
Etter kampslutt kunne jublande spelarar løfta pokalen høgt og ta han med seg heim til Etne – som verdige vinnarar av Rogalandscupen 2025!
Kathrine Tungesvik Matre, lagleiar
Laget vann også Etnecup i 2022. Den gongen av FKH-spelar Nikolai Tendal med: