Stor glede på handballskule
— Det har vore veldig kjekt. Eg har fått lære nye ting, seier Ann Linnea Sørhus (11).
Ølen IL arrangerer handballskule i Ølen idrettshall i haustferien kvart år. For Sørhus var dette første gong ho var med.
Utvida
Handballskulen går over to dagar, frå måndag til tysdag. Då Grannartok turen tysdag føremiddag, var humøret til deltakarar og arrangørar på topp både under øktene og i matpausen. Barna var delte i tre grupper etter alder rundt i hallen.
Åsa Berge Opheim og Kathrine Ljosnes var med som vaksne, medan seks ungdommar var instruktørar. Berge Opheim og Ljosnes koste seg med ansvaret og likte å sjå korleis barna fekk oppleve idrettsglede i hallen. Nytt av året var at den nedre aldersgrensa var senka til seks år, noko dei vaksne var veldig positive til.
— At seksåringane får ein introduksjon, er bra. Dette er deira første møte med handball, seier Ljosnes.
Stiller opp
Shan Weldegaber Netabai, Emmelin Haukland Lunde, Maja Berge, Elena Nordtveit, Adrian Vedholm Heggen og Mia Lothe var instruktørar. Tysdag føremiddag var dei to og to på tre stasjonar.
— Å vere instruktør er kjekt, fortel Nordtveit.
Dette er første gong ho er instruktør. For Vedholm Heggen er det andre gong. Han synest det verka som om barna koste seg på skulen.
Likar alt med sporten
I starten tysdag var det mykje springing før det blei meir og meir av øvingane blei gjort med ball. Barna fekk kaste pasningar og skyte på mål.
Andrea Nilsen (8) og Aria Berge (8) synest det var kjekt å vere med. Dei trekte fram kanonball som høgdepunktet så langt. Det same gjorde Ine Berge (11), som har vore med på handballskulen fleire gonger og speler handball aktivt.
— Alt med handball er kjekt, seier Ine.
Iver Vårvik Matre (8) og Johan Klungland Aaserud (9) likte seg òg på handballskulen. I fruktpausen gleda Klungland Aaserud seg til å spele kamp seinare på dagen.
Ølen IL har for tida åtte handballag i seriespel i ulike aldersklassar, frå 9 år til kvinnelaget på seniornivå i 5. divisjon. Deira første kamp er på bortebane mot Mastra 25. oktober. Første heimekamp i Ølen idrettshall er mot Tasta 2 den 9. november.