Skjoldar IL sitt damelag 2024. Bak frå venstre; Siren Vårvik Matre, Ingvild Skare, Ida Øygard, Mira Kalstveit, Ellen Kristine Frøland, Anna Fuglestein, Tuva Steinsland (J17) og Wenche Eide. Framme frå venstre; Lone Evjen Kallevik, Sina Dalaker Miljeteig, Ingrid Handeland, Bjørg Irene Frøland, Rebekka Eide (j17) og Silje Berge. Ikkje med på biletet, Thea Karoline Blikra, Signe Aarekol og Lena Sjurseike.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Sport
Starta med siger
Skjoldar IL, SK Vats, Vikebygd IL og Vindafjord IL vedtok i fjor å samle seg om satsinga Fjordar for ungdoms- og seniorfotballen. Frå 2025 er dei det einaste seniorlaget på kvinnesida.
Det var gjestene frå Rubbestadnes som fekk ein god start på kampen. Allereie etter seks minutt sette Kitty-Margrethe Innvær inn kampens første mål for bortelaget. Etter 16 minutt dobla Anne Alvsvåg leiinga med eit nytt spelemål. Fjordar svara før pause, då Thea Karoline Blikra reduserte til 1-2 i det 35. minuttet.
I andre omgang var det heimelaget som tok over styringa. Sina Dalaker Miljeteig utlikna til 2-2 etter 55 minutt, før Thea Karoline Blikra sende Fjordar i leiinga med sitt andre mål i kampen etter 60 minutt. Seks minutt seinare auka Signe Aarekol til 4-2, og Fjordar såg ut til å ha kontroll.