Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ølenmålvakt Bror Norland heldt nullen mot Sveio, medan Mats Marvik ordna sigersmålet. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Ølenmålvakt Bror Norland heldt nullen mot Sveio, medan Mats Marvik ordna sigersmålet.

Sport

Slitesiger mot Sveio

Publisert Sist oppdatert

Kampane kjem tett som hagl for laga i 5. divisjon for tida, og Ølen har vore i aksjon tre gonger på ei lita veke. Først slo dei Etne 3-0 førre veke, medan det vart uavgjort borte mot Bremnes 2 på laurdag. Denne tirsdagen var det Sveio som hadde teke turen inn til Ølen. Laga låg med same poengsum før oppgjeret, og jamn vart óg kampen mellom dei. Det vart aldri den heilt store fotballkampen, til det var det for mykje slurv på den siste tredjedelen av bana, noko som gjorde at det ikkje vart så mange farlege avslutningar. Ølen hadde nok dei fleste sjansane i den første omgangen, men ingen av laga greidde å få nettsus i dei første 45 minutta.

Hól på byllen

Fem minutt ut i den andre omgangen skulle det endeleg lukkast for heimelaget. Mats Marvik vart spelt igjennom på Ølen si høgreside, og med eit velplassert skot sette han ballen i mål.

Powered by Labrador CMS