Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Proffane Hanne Bjelland (f.v.), Kristine Hustveit Nybru og Solfrid Hetleflåt Bråthen var på plass i Ølen under TINE Fotballskule i sommar. Foto: Svein-Erik Larsen
Proffane Hanne Bjelland (f.v.), Kristine Hustveit Nybru og Solfrid Hetleflåt Bråthen var på plass i Ølen under TINE Fotballskule i sommar.

Saman på fotballskule i veka — møttest til duell i helga

Denne veka har FK Haugesund-spelarane Hanne Bjelland (19) og Solfrid Hetleflåt Bråthen og Avaldsnes-spelar Kristine Hustveit Nybru (16) vore på TINE Fotballskule i Ølen og inspirert cirka 110 fotballspelarar i alderen 9 til 14 år. Sandeidbuen Bjelland hadde keepertrening med unge keepertalent, etnebu Hetleflåt Bråthen hadde ein stasjon med ballføring, mens Hustveit Nybru frå Vikedal leia ei drible-, veggspel- og spurteøving.

Søndag var det alvor då jentene møttest til kamp på Skeie i 2.divisjon avdeling 4 i oppgjeret Avaldsnes 2-FKH. Hustveit Nybru, som har fått tre kampar for førstelaget i Toppserien denne sesongen, var med i startelvaren for Avaldsnes 2, mens Bjelland og Hetleflåt Bråthen starta for FKH. I tillegg satt Thea Knutsen frå Bjoa på benken for FKH.

Scoringar frå Marion Mannes Haugland, Viktoria Sørensen og Ulrikke Eliassen sørga for at heimelaget vann 3-2. Emma Schwennicke og Anna Ferkingstad scora FKH sine mål.

Powered by Labrador CMS