Lars Granberg hamna hovudstups i grøfta etter møte med ein hissig bilist. Resten av sesongen er øydelagt.
Foto: Arkivfoto
På tolvte plass
Terrengsyklist Lars Granberg frå Ølen greidde tolvte plass i det internasjonale tredagarsrittet i Logroño og La Rioja Bike Race i Spania.
Han er relativ tilfreds med prestasjonen sjølv om han fall nokre plassar på slutten. Første etappe enda Granberg som nummer 14, men med kort avstand oppover. Andre etappe på sjølvaste 17. mai, gjekk svært bra. Med åttande beste tid låg han som nummer ti i samandraget.
Siste dag gav ein tung start, men med betre fart dei to siste timane på sykkelsetet. Han trilla inn til 14. plass på etappen og som nummer tolv i samandraget.