30 unge stile på første treninga til Skjold Ung.
FOTO: PRIVAT
Sport
Nytt tilbod dei ivrigaste lokale fotballspelarane
Det er Rune Rydningen, Bjørn Skjoldevik, Håvard og Anna Berg Nordtveit som har stått i spissen for eit fotballsamarbeid som inkluderer Falkeid, Stegaberg, Nedstrand, Vats og Vindafjord. I tillegg håper dei å få med seg Skjoldar, Ølen og Etne.
– Me vil skape noko innanfrå, eit tilbod som treff dei ivrigaste spelarane våre, seier ein svært engasjert Rune Rydningen, sjølv trenar på Skjold.
Skjold IL er overbygningen i prosjektet. Dei har brukt tid på å utvikle prosjektet, og har blant anna tatt imot mange gode innspel. Undervegs har programmet blitt justert og forbetra.