Håvard Stople for Etne torsdag kveld.
ARKIVFOTO: Magne Skålnes
Ny siger — heng med i toppen
Berre tre poeng var godt nok for Etne IL sine beste menn då dei tok turen til Rubbestadneset kunstgress torsdag kveld. Med ein solid 1-3-siger held grøntrøyene følgje med Torvastad i opprykkskampen.
Håvard Stople opna ballet for Etne med det som blei den einaste scoringa i første omgang. Etter pause dobla Sverre Ramsfjell leiinga for gjestane. Rubbestadnes fekk seg ei redusering, men Bjørnar Aastvedt si scoring sørga for at det enda 1-3. Etne og Aastvedt følgde med det opp den dramatiske 2-1-sigeren mot Vedavåg på måndag der Aastvedt blei matchvinnar på overtid.
Rivalen i toppen av 5. divisjon avdeling 4, Torvastad, sin 1-2-siger gjorde Etne sin bortetriumf ekstra viktig. Avstanden mellom dei to laga etter ni kampar held seg dermed på tre poeng i Torvastad sitt favør, ein avstand som oppstod då laga møttest på Karmøy 2. juni.