NMK Vikedal: Sjå resultat frå det avsluttande klubbmeisterskapet
Årets siste klubbmeisterskap i bilcoss på motorbanen i Vikedalsdalen baud på ekstra spenning. Det vart kamp om den prestisjefylte vandrepokalen frå 2016, der fem ulike utøvarar alt hadde kvart sitt napp i den gjeve pokalen.
— Med endeleg opning for publikum etter lang tids nedstenging grunna restriksjonar rundt koronautbrotet, er det godt å vera tilbake igjen, seier leiar i NMK Vikedal Karina Nordal Nonslid og uttrykker stor glede over at ei tøff tid forhåpentlegvis er over.
Ho synest det er kjekt å sjå så mykje publikum igjen, trass ein regnfull dag med våte forhold for utøvarane. Og kiosken var r opna igjen, der varme pølser og lapskaus gjekk unna.
Høg puls og spenning