Sport
Natur og løype gav løpsglede
— Det er flott utsikt og ei fin løype, sa deltakar Harald Sværen.
Det var sett av to timar til trimklassen, der deltakarane kunne gå eller jogge i sitt eige tempo. Her var det om lag 40 påmelde.
Når alle var komne i mål, var det duka for mosjonsløpet. Totalt var 59 påmelde – 14 kvinner og 45 menn. Dette er ein stor oppgang frå i fjor, då talet var 32. Då var det òg berre tre påmelde i kvinneklassen.