Motstandar på eit anna nivå
Opprykksjagande Djerv 1919 2 kom til Etne med eit toppa mannskap fredag kveld, og forskjellen på laga vart svært tydeleg etterkvart. Etne var på ein måte med på notane så lenge det stod 0-0, men då gjestene gjekk opp til 0-1 etter drøye halvtimen, var det slutt. Det unge mannskapet frå den hardtsatsande klubben Djerv 1919 spelte på heile sitt register, og skåra jamnt og trutt utover kampen.
0-3 til pause, vart til 0-7 til slutt, og det er nok eit av dei styggaste tapa til heimelaget i nyare historie. Og hadde ikkje Lars Øvernes varta opp med fleire klasseredningar, kunne nok tapet vorte mykje større.
Dermed har Etne spelt den siste kampen for året, og må nok belage seg på å havne bak Ølen på slutt-tabellen dette året. Laga ligg på same poengsum, men Ølen har 11 plussmål meir enn Etne. Det einaste som kan felle Ølen, er at dei taper sine siste kampar mot Djerv 1919 2 og Rubbestadnes, og slepp inn 12 mål eller meir. Ølen spelar heime mot Djerv 1919 2 på tirsdag.