Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne i angrep i 0-2 sigeren over Vats/Skjoldar i 2. runde i OBOS-cupen 2021. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Etne i angrep i 0-2 sigeren over Vats/Skjoldar i 2. runde i OBOS-cupen 2021.

Lokaloppgjer i OBOS-cupen

5. divisjonslaga Vats/Skjoldar og Etne møttest i 2. runde av OBOS-cupen måndag kveld i Vats. Før kampen var det ei verdig markering med eit stille minutt, i høve det tragiske dødsfallet til Tobias Sævareid Tesdal(17) frå Etne.

Etne har gjort det best denne sesongen, og levde opp til favorittstempelet med å setje inn to mål i den første omgangen. Først fekk Kristoffer Grønstad pirka inn 0-1 etter klabb og babb i feltet. Etter halvtimen utnytta Thomas Lien ein grov tabbe i Vats/Skjoldar-forsvaret, og sette inn 0-2. Heimelaget hadde ikkje mykje å by på, og stillinga stod seg inn til pause.

Andre omgang vart ein heller langdryg affære, med mange byter, og lite finspel. Nærmast skåring kom Bjørnar Aastvedt med ein susar i tverrliggaren frå langt hald. For heimelaget vart det mykje nesten, og skåringa som kunne skapt liv i kampen, kom aldri. Dermed er det Etne som går vidare til 3. runde i cupen.

Powered by Labrador CMS