Ni spelarar i troppen. Ikkje all verda for eit lag som skal ha sju spelarar på banen til ei kvar tid. Trenar Øivind Wåge Øverland ser likevel lyst på kommande handballsesong. Han er godt nøgd med at klubbane i distriktet har fått stabla på beina eit samarbeidslag imellom bygdene.
— Eg har vore trenar i 5-6 år. Berre to av spelarane er framleis med. Resten har komme med frå år til år, og eg må innrømma at eg saknar litt kontinuitet. I år hadde me berre att seks spelarar på laget, og hadde det ikkje vore for dei tre spelarane frå Skånevik, så hadde me ikkje hatt lag lenger, seier Øverland.
Laget har fått namnet Ølen/Skånevik, etter klubbane som samarbeider. Men laget er meir mangfaldig enn som så. Her finst også spelarar frå Vats (Tone Krakk Døvik), Etne (Ingrid Kaldheim) og Stavanger (Hilde Andreassen).