Erling Øygard (t.v.) fekk æresmedlem-utmerkinga av leiar Nils-Morten Breivik Dahl i Skjoldar IL. Øygard var leiar i idrettslaget fram til Breivik Dahl overtok i 2024.
FOTO: SKJOLDAR IL
Sport
Heidra for årelang innsats
— Erling har gjennom mange år lagt ned ein enorm innsats for Skjoldar gjennom styreverv, leiarverv, trenargjerning, sponsorarbeid og anna frivillig arbeid. Han er ein strålande ambassadør for klubben, både gjennom dei tusenvis av timane han har lagt ned i dugnad for laget, men òg gjennom si inkluderande og positive væremåte, med omsorg for alle i og rundt Skjoldar, skriv Skjoldar IL i eit Facebook-innlegg.
Erling Øygard blei den tredje personen som er utnemnd til æresmedlem i idrettslaget i Skjold. Blant statutta for å bli æresmedlem står det mellom anna: Æresmedlem er Skjoldar IL si høgaste utmerking og kan tildelast for store og verdifulle tenester for laget.»