Pål Steinar Rullestad (t.v.) i Etnecup, leiar Erling Bjarte Rullestad i Etne IL og Arild Selland i Etnecup gleda seg over gåvå frå banksjef Magnhild Gravelsæter Våge i Sparebanken Noreg i Etne.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Gåvedryss til idretten
— Me er utruleg glade. Det er heilt fantastisk at me no får fullfinansiert dette prosjektet, seier leiar Harald Ekornrud for tennisgruppa i Etne IL.
Dei 580.000 kronene var det som stod att for at banen, som har ein prislapp på rundt tre millionar kroner inkludert dugnad, no er økonomisk i mål. Banken har også gitt pengar til dette prosjektet før. Pengar har dei i tillegg fått frå Elagsfondet, SKL og tippemidlar.
For alle