Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Adelina Busthian frå Ølensvåg førebur seg til VM i handbak saman med Sondre Brekke. Begge talenta har gull frå både NM og EM. Foto: Svein-Erik Larsen.
Adelina Busthian frå Ølensvåg førebur seg til VM i handbak saman med Sondre Brekke. Begge talenta har gull frå både NM og EM.

Går for to VM-gull

Publisert Sist oppdatert

— Eg vil bli U21-verdsmeister med begge armane, seier Busthian.

Ho er sterkast i høgrearmen, men har levert enda betre resultat med venstrearmen. Målet hennar på sikt er å bli seniorverdsmeister.

Bygger eit miljø

Trass sin unge alder har Busthian allereie etablert seg som ei handbakstjerne. Sondre Brekke, som har vunne eit EM-gull, to NM-gull og ein kongepokal, har tatt turen heilt frå Granvin til Ølensvåg for å få trena med vågsbuen. Prestasjonane til Busthian har fått fleire til å få augo opp for sporten.

— Eg starta her for seks månadar sidan etter å ha sett eit bilete av Adelina på Facebook, så høyrt av andre kor sterk ho var og at ho trena her, fortel Purice Vladut-Andrei (24).

Vladut-Andrei kjem frå Romania og har jobba på Fatland i fem år. Han er glad for at han får sjansen til å trene med fleire av Noregs beste i Vindafjord. Far og dotter Lars Henrik- (43) og Frida Eikehaugen (13) frå Bjoa er også med på treninga torsdag kveld. Under treninga varmar dei først opp to og to med å bøye armane frå side til side på bordet. Dei deler flittig med tips til kvarandre og Busthian tar på seg litt trenaransvar for Frida, som er i den yngste aldersgruppa som får lov til å konkurrere.

— Adelina er ein veldig flink trenar, seier Frida.

Lars Henrik har ein 3. plass frå NM å vise til etter å ha drive med sporten i eitt år. Treningsgruppa er ein del av klubben Hardanger Handbak.

Powered by Labrador CMS