Lesaren melder
Full gass i surt haustvêr
Vergudane var ikkje på NMK Vikedal si side når det vart arrangert
klubbmesterskap for crosskart, bilcross, og motocross. Over 80
deltakerar stilte til start. Veret var ufyselig i starten av dagen, men
letta litt ut på ettermiddagen. Dei nyoppsette vandrepokalane for
bilcross og motocross var det Sølve Østbø frå Ølen og Adrian Vik frå
Fitjar som sikra seg eit napp i. Bilcross har hatt vandrepokal tidlegare
år, men den vann Sølve til odel og eige i fjor.
Dei yngste klassane i motocross, 50 og 65 ccm, kjører utan konkurranse,
men det er svært imponerande å sjå korleis dei handterar motorsyklane
under slike krevjande forhold som det var laurdag.
I 85 ccm-klassen var det Johan Kilane (Erfjord) som takla forholda best
og gjekk til topps i klubbmesterskapet. Nærmast han kom Sigve Reimers
Holten Leifsen (Vikedal) og Sindre Aarsbog Berekvam (Suldalsosen).