Folkefest med fart og spenning
1.200 tilskodarar tok turen til den første dagen av Vestcup i motocross (MX) i Vikedal laurdag. Dei blei også begeistra av eit freestyle-show (FMX) med internasjonale stjerner som viste fram luftakrobatikk på høgt nivå.
— Showet var veldig bra og spennande. Det er første gong eg ser eit slikt show, og eg kan tenkje meg å kome igjen om dei arrangerer eit nytt, fortel Adrian Selland (13) frå Etne.
Arrangementet var populært på tvers av generasjonar, og mange frå ulike bygder i Etne og Vindafjord tok turen til Vikedal. Det var også god oppslutnad frå andre delar av Vestlandet. Stort sett perfekt vêr bidrog til mange smil laurdag.
Bestefaren Wayne Midbøe hadde teke turen frå Karmøy saman med sonen og barnebarnet Atlas (2,5) og overnatta i bubil ved båthamna. Wayne synest det var eit kjempeflott show, og fortel at Atlas hadde det kjekt og følgde med heile vegen på sitt første motorshow.