Ølen IL-troppen i sesongens første kamp mot Sveio. Bak frå venstre: Andreas Fosse, Sander Roa Totlandsdal, Casper Kvamen Clausen, Asbjørn Tronstad, Simon Rørtveit, Daniel Holten, Sølve Olaus Østbø, Sindre Knutsen og Georg Kolnes(trener).Framme frå venstre: Mats Østenstad(trener), Vegard Berge, Roger Vaka, Thomas Kirketeig, Kasper Arnestad, Andreas Madsen og Roar Lothe.
FOTO: Magne Skålnes
Bitter avslutning i toppkamp
Tysdag kveld tok Ølen IL sine beste menn til Tysværvåg gras for å møte Falkeid. Etter eit dramatisk 4-3-tap i vårsesongens siste kamp ser det vanskeleg ut å rykke opp frå 6. divisjon i år.
Det tok 39 minutt før kveldens første scoring kom då Christoffer Rabben Larsen sette inn 1-0 for Falkeid. Heimelaget gjekk med det til pause i føringa.
Andre omgang skulle bli eit fyrverkeri. Even Døske Bakken dobla leiinga for Falkeid seks minutt ut i omgangen. Så vakna Ølen. Etter 68 minutt reduserte Alexsander Stene Krogh før Ådne Nærheim utlikna til 2-2 etter 80 minutt.
Det blei ein dramatisk avslutning på kampen. Etter 82 minutt gav Edvin Ljostveit Reiersen Falkeid på ny leiinga, før Casper Kvamen Clausen utlikna etter 89 minutt. Sidan dette var vårsesongens siste kamp og han skal flytte vekk for å studere blir dette Kvamen Clausen sitt siste mål i Ølen-drakta for denne gong. Denne sesongen kan ha sjå tilbake på åtte mål på seks kampar for seniorlaget og 16 mål på sju kampar juniorlaget. I fjor scora han heile 29 mål på åtte kampar for juniorlaget.