Sport
Aukande sjakkinteresse lokalt
På hurtigsjakkturneringa i Ølen i helga var elleve år gamle Elina Kambe Johansson frå Ølen ein av fleire lokale deltakarar.
Under opninga av hurtigsjakkturneringa i Ølen i helga, sa leiar Ivbjørn Nimki i Rogaland Skolesjakkutvalg at Vindafjord Bibliotek med Silje Holden Birkeland er ein viktig faktor i å fremja sjakksporten i indre del av Haugalandet.
— Me har mål om å styrka sjakkmiljøet gjennom at det alltid står sjakkspel tilgjengeleg i biblioteket, fortel Birkeland.
Ivbjørn Nimki har svært lang erfaring i sjakkmiljøet. Mannen frå Sandnes spelte første gong sjakk tidleg på 60-talet. Sidan har den pensjonerte 69 år gamle læraren sett spor etter seg ikkje minst i heimfylket Rogaland, men òg i Troms etter fleire år i Tromsø.