Ynskjer å setja distriktsungdommen i fengsel!
Ein kan nesten spørja seg sjølv om det er eit forsøk på å gjera Distrikts-Noreg […]
Ein kan nesten spørja seg sjølv om det er eit forsøk på å gjera Distrikts-Noreg tomt for ungdom. I alle fall tomt for aktiv ungdom. Det er jo eit kjent faktum at det er noko avgrensa fritidstilbod i distrikta, og ofte må ein ut i den store verda dersom ein likar andre ting enn å spela handball og fotball. Men det skal ein tydlegvis ikkje få lov til, lenger. Ein skal visst heller ikkje få lov til å menga seg med andre ungdommar, som bur utanfor kommunegrensa. Trygg Trafikk ynskjer å setja distriktsungdommen i eit fengsel, og det meiner me i Rogaland Senterungdom er uakseptabelt.
Når det var sagt, tek me i Rogaland Senterungdom den skremmande ulykkesstatistikken på alvor, men me meiner det er andre løysningar som må til.
For det fyrste ynskjer me ei auka satsing på ordninga heim for ein femtilapp», som gjer at ungdom kan koma seg heim for ein billig penge i helgene. Slik blir det mindre fyllekøyring, og trafikken blir sikrare. For det andre ynskjer me eit større fokus på trafikktryggleik i skulen, blant anna med teorien som valfag, samt integrera trafikkunnskap i større grad i den vidaregåande skulen og på ungdomsskulen. For det tredje ynskjer me å opna for køyretimar på skulen, då vil det verta billigare, og slik kan ein unngå at ungdom gjer alt for å greia seg med minst mogleg køyretimar.
Det er inga tvil om at talet på skadd ungdom i trafikken må ned, det er ikkje spørsmålet. Det som er spørsmålet er korleis me skal få det til, på ein måte som er til det beste for alle. Og då er ikkje løysninga å gjera det vanskelegare å vera ung i distriktet.
Kristine Espeland Rafdal
Leiar, Rogaland
Senterungdom